Ope i bakstehuset måndag til fredag 09.00–15.30, laurdag etter avtale. Ring 976 14 264 for å bestille.

Anne UnderbergHeimebakeriet på GvarvRing 976 14 264
Sjette generasjon

Historia

Anne Underberg voks opp på garden Underberg på Gvarv, og er sjette generasjon som bur her. I bakstehuset på garden bakar ho kling, lefser og flatbrød.

Anne i bunad med eit stettefat fullt av kling, fotografert i 2005
2005
Anne Underberg i kvitt forkle og skaut i døra til bakstehuset i dag
I dag

Klingen som ikkje ville

Anne har alltid vore glad i mat og baking, og fekk tidleg vere med på kjøkenet heime. Mor hennar var flink til å bake og stelle mat. Lefser og kling fekk mora likevel aldri heilt taket på, sjølv om ho gjekk på fleire kurs.

Anne var glad i kling, og hadde ei venninne som baka god kling. Til jul bytte dei: ho baka smultringar, venninna baka kling.

Etter kvart gjekk Anne sjølv på tre eller fire kurs i kling, flatbrød og potetlefse. På kurset gjekk det fint. Heime gjekk det ikkje. Ho gav opp innimellom, og prøvde igjen.

«Den skal du få av meg, Anne. Eg er heilt sikker på at du kjem til å få den til, for den er så god å kjevle.»
Kvinna på jobben som gav Anne oppskrifta. Ho sa den kom frå Morgedal, men det ville ho ikkje stå inne for.

Plakaten på Gvarv

Det var akkurat som ho sa. Det gjekk av seg sjølv å kjevle. Anne baka og delte ut til venninner, og bad nokre på kaffe. Klingen var så god at dei sa ho måtte byrje å selje. Ho hadde ikkje så stor tru på det, men ho hengde opp ein plakat nede på Gvarv.

«Det var ikkje meir enn eit par dagar etterpå, så byrja folk å ringe og ville bestille kling. Eg angra nesten på at eg hadde gjort det.»
Anne

Frå tingretten til takka

Ho sette i gang, og det vart berre meir og meir. Ho gjekk på etablerarkurs og starta ei lita bedrift, og Heimebakeriet Anne Underberg vart registrert i 2005. Biletet i logoen er frå same året.

Ved sida av hadde ho ein halv jobb i tingretten. Folk bestilte og bestilte, og ho vart invitert til marknader. Til slutt hadde ho nesten ein full jobb ved sida av den halve. I 2011 slutta ho i tingretten for berre å drive med det som var morosamt. I dag bakar ho saman med Daniela frå Romania, som er kjempegod til å bake.

Ein bakedag med kling

  1. Anne sine hender legg tynne, kjevla leiver til rette på bordet ved kjevlemaskinen
    Seks emne om gongen vert kjevla ut på maskinen.
  2. Anne rullar ei tynn kling opp på lefsepinnen
    Klingen vert rulla opp på lefsepinnen.
  3. Ei tynn kling på den runde takka ved vindauget, Anne snur den med lefsepinnen
    Så steikjer den på takka ved vindauget.
  4. Anne smør meierismør utover ei stor kling på bakekledet
    Meierismøret vert smurt utover heile lefsa.
  5. Sukker vert strødd over ei kling smurt med meierismør
    Så sukker over.
  6. Anne brettar ei smurt kling til eit langt band på bakekledet
    Så vert den bretta.
  7. Ei bretta kling ligg på ei trefjøl ved kjevlemaskinen
    Bretta kling på fjøla, klar til å skjerast i bitar.
  8. Klingbitar på eit stettefat med hekla duk, og ei bretta kling på ei fjøl framfor
    Og så på stettefatet.
Anne steikjer potetlefse på takka ved dei store vindauga i bakstehuset

Året i bakstehuset

Bakstehuset var bryggerhus og sommarhus. No er det isolert, så vi kan bake her heile året. Vi bakar stort sett kvar dag. Januar og februar er stille månader. Før jul prøver vi difor å bake opp litt ekstra, så vi har noko å gå på då. Frå påske går det for fullt fram til jul.

Den eldste klingoppskrifta vi har funne her omkring, hadde berre mjølk, smør og mjøl. Nesten kvar bygd har si eiga oppskrift. Nokre har litt bygg i deigen, nokre litt rug. Det er noko av det som er artig med klingbaksten.

«Vi startar med ei god og varm takke, for den skal ikkje liggje lenge på takka før den er steikt.»
Anne

Vikingar og Ibsen

Anne er oppteken av kultur og historie. Ho har vore aktiv på Evju bygdetun, og leidde eit prosjekt for registrering av kulturminne.

Det har òg gitt oppdrag. Olavsmenn, som driv ein vikingleir ved Norsjø, bad om flatbrød med berre det vikingane hadde. Det vart vikingflatbrødet med spelt, rug, bygg og eplejus. Og Telemark Museum ville ha honningkaka Henrik Ibsen kjøpte på marknaden i Skien som gut. Den bakar vi framleis, som Lille Henriks honningkaker.

Sjå all baksten