Ope i bakstehuset måndag til fredag 09.00–15.30, laurdag etter avtale. Ring 976 14 264 for å bestille.

Anne UnderbergHeimebakeriet på GvarvRing 976 14 264
Prisliste 2026

Bakst og prisar

Alt vert baka i bakstehuset på Underberg. Lefsene og klingen er frysevarer, så legg dei i frysaren når du kjem heim.

Mest selt

Kling frå Sauherad

Tynnlefse smurt med meierismør og sukker. Festlefsa i Midt-Telemark.

  • 5 stk. ca. 900 g450 kr
  • 3 stk. ca. 500 g270 kr
  • Porsjonspakke, 2 bitar50 kr
Ring 976 14 264 og bestill
Ei kling bretta i lengda, smurt med smør og sukker
Kling bretta i bitar og lagd i ring på eit utskore trefat med hekla duk, ved sida av to koppar kaffe ved vindauget
Serveringsforslag Brett klingen, skjer den i bitar og legg dei i ring på fatet. Så er kaffebordet klart.
Anne legg klingbitar i ring på eit trefat med hekla duk
Frå bakstehuset Anne legg klingbitane på fatet.

I vår kling er det både egg og rømme i deigen.

Her i Midt-Telemark står klingen på stettefatet til kaffen, til jul, påske, fødselsdagar og andre festdagar.

Ingrediensar: Sikta kveitemjøl, lettmjølk, meierismør, rømme, margarin, ikkje palmeolje (vegetabilske oljar og feitt, vatn, syrna skumma mjølk, salt, emulgator (E322, E471, E472e), konserveringsmiddel (E202)), sukker, egg og semulegryn.

Lagring: Frysevare, −18 °C

Til jul

Potetlefse frå Sauherad

Matlefse til lutefisk, rakfisk og ribbe, eller rulla med aure og dill.

  • 4 stk. ca. 400 g275 kr
Ring 976 14 264 og bestill
Ei potetlefse bretta i fire
Potetlefse rulla med kremost, aure, raudlauk og dill, skoren i kubbar på eit fat ved vindauget
Serveringsforslag Smør på kremost, legg på aure, raudlauk og dill, rull saman og skjer i kubbar.
Ei potetlefse ligg ferdig steikt på takka ved vindauget i bakstehuset
Frå bakstehuset Potetlefse rett frå takka.

Potetlefsa er ei matlefse. Mange vil ha den til lutefisk, rakfisk og ribbe i jula.

Den er òg god smurt med kremost, geitost eller rømme, med litt ruccola, aure, raudlauk og dill. Rull den saman og skjer den i kubbar, så har du fingermat, eller noko godt ved sida av fiskesuppa. Spekeskinke inni går òg fint.

Er lefsa tørr, fukt den med litt vatn.

Ingrediensar: Sikta kveitemjøl, potetflak, byggmjøl, lettmjølk, vatn, rømme, margarin (ikkje palmeolje) og salt.

Lagring: Frysevare, −18 °C

Til søndagskaffen

Mørlefse

Tykklefse på kefir, rømme og sirup. Du smør den sjølv.

  • 4 stk. ca. 400 g140 kr
Ring 976 14 264 og bestill
Ein stabel runde mørlefser
Mørlefse smurt med smør, sukker og kanel, bretta og skoren i snippar på eit fat, med ein kopp kaffe ved vindauget
Serveringsforslag Smør og sukker, gjerne litt kanel. Legg lefsa dobbel og skjer i snippar til søndagskaffen.

Mange lurer på om mørlefsa kjem frå Møre. Det gjer den ikkje. Den heiter mørlefse fordi den er så mør.

Den er baka på kefir, rømme, sirup, hornsalt og mjøl. Smør den med smør og sukker, gjerne med litt kanel, eller med smør og brunost. Legg den dobbel og skjer den i snippar. Den er veldig god til søndagskaffen.

Ingrediensar: Sikta kveitemjøl, kefir, sirup, rømme, sukker og hornsalt (E503).

Lagring: Frysevare, −18 °C

Til turen

Kaffelefse frå Venstøp

Tykklefse smurt med meierismør og sukker, to halvmånar i posen.

  • 2 lefser ca. 240 g70 kr
Ring 976 14 264 og bestill
To halvmånar kaffelefse med smør og sukker i bretten
To halvmånar kaffelefse på ei fjøl, med termos og kuksa ved vindauget
Serveringsforslag Ferdig smurt, så du kan ta den rett med på tur, til kaffen.

Oppskrifta fann vi i ei gammal oppskriftsbok, og der heitte den kaffelefse frå Venstøp. Om den vart servert hos Ibsen på Venstøp, tør vi ikkje seie.

Mange kjøper den i gardsbutikkane når dei er ute på tur og vil ha med seg noko til kaffen.

Ingrediensar: Kveitemjøl, kefir, margarin, sukker, meierismør, bakepulver og hornsalt.

Lagring: Frysevare, −18 °C

Til grillpølsa

Potetlompe

Seks lomper i posen, med havremjøl i deigen.

  • 6 stk. ca. 400 g150 kr
Ring 976 14 264 og bestill
Ein stabel potetlomper
Potetlomper rulla rundt grillpølser med ketchup, sennep og sprøsteikt lauk på eit fat ved vindauget
Serveringsforslag Rundt ei grillpølse, med ketchup, sennep og sprøsteikt lauk.

Ingrediensar: Potetflak (skumma mjølk, vegetabilsk feitt, sitronsyre), sikta kveitemjøl, havremjøl, vatn og salt.

Lagring: Frysevare, −18 °C

Til spekemat

Flatbrød

Heimebakt flatbrød på fire slag mjøl, og vikingflatbrød med eplejus og timian.

  • Pose ca. 300 g100 kr
Ring 976 14 264 og bestill
Flatbrød i store, ujamne flak
Flatbrød i store bitar på ei fjøl med spekeskinke, spekepølse og rømme ved vindauget
Serveringsforslag Til spekemat og rømme, til suppe og til lapskaus.
Eit stort flatbrød på takka ved vindauget i bakstehuset
Frå bakstehuset Flatbrødet steikjer på takka.

Vi bakar to slag. Det heimebakte er baka på bygg, fin og grov rug og kveitemjøl, med vatn og mjølk.

Vikingflatbrødet byrja med eit oppdrag frå Olavsmenn, som driv ein vikingleir ved Norsjø. Det skulle berre vere ting vikingane hadde, og dei hadde ikkje kveitemjøl. Det vart spelt, rug og bygg, og i staden for mjølk eplejus og vatn. Vi er jo i fruktbygda. Så litt timian og salt.

Honningkake

Formkake med honning frå ein bærgard like i nærleiken.

  • Formkake105 kr
Ring 976 14 264 og bestill

Fruktbygda treng bier og humler, så det er mange rundt oss som driv med honning. Honningen i formkaka vår kjem stort sett frå ein gard her oppe som dyrkar bringebær og morellar.

Ibsens kake

Lille Henriks honningkaker

Honningkaka Henrik Ibsen kjøpte på marknaden i Skien som gut.

  • Lille Henriks honningkaker95 kr
Ring 976 14 264 og bestill

Telemark Museum spurde om vi kunne bake honningkaka som Henrik Ibsen kjøpte på marknaden i Skien då han var gutunge. Den liknar litt på pepparkake, berre med honning.

Vi bakar den for museet, og sel den i gardsbutikkane. God til kaffen, eller til julegløggen.

Bestill på telefon

Ring oss, eller kom innom bakstehuset på Gvarv måndag til fredag 09.00–15.30.

Ring 976 14 264Opningstider og vegen hit