Ope i bakstehuset måndag til fredag 09.00–15.30, laurdag etter avtale. Ring 976 14 264 for å bestille.

Anne UnderbergHeimebakeriet på GvarvRing 976 14 264

Heimebakeriet på Gvarv

Kling frå Sauherad

Tynnlefse smurt med meierismør og sukker, med egg og rømme i deigen. Festlefsa i Midt-Telemark, baka på takke i bakstehuset på garden Underberg.

Ope måndag til fredag 09.00–15.30Hallenvegen 72, Gvarv

Ring 976 14 264Sjå bakst og prisar

Klingbitar lagde i ring på eit stettefat med hekla duksidan20056.generasjon på garden

Det vi bakar

Heile prislista

Vi bakar òg to slag honningkaker, og sel kling i porsjonspakkar med to bitar. Heile prislista

Slik bestiller du

  1. Ring 976 14 264

    Sei kva du vil ha.

  2. Avtal dag

    Så avtaler vi når du kan hente.

  3. Hent i bakstehuset

    Hallenvegen 72 på Gvarv, måndag til fredag 09.00–15.30.

Du kan òg kome innom bakstehuset og handle, eller kjøpe baksten i ein av butikkane her:

Slik bakar vi kling

Bileta er tekne i bakstehuset ein vanleg bakedag i oktober.

  1. Anne sine hender legg tynne, kjevla leiver til rette på bordet ved kjevlemaskinen
    Seks emne om gongen vert kjevla ut på maskinen.
  2. Ei tynn kling på den runde takka ved vindauget, Anne snur den med lefsepinnen
    Så steikjer den på takka ved vindauget.
  3. Anne smør meierismør utover ei stor kling på bakekledet
    Meierismøret vert smurt utover heile lefsa.
  4. Sukker vert strødd over ei kling smurt med meierismør
    Så sukker over.
  5. Anne brettar ei smurt kling til eit langt band på bakekledet
    Så vert den bretta.
  6. Ei bretta kling ligg på ei trefjøl ved kjevlemaskinen
    Bretta kling på fjøla, klar til å skjerast i bitar.

Slik brukar vi baksten

Våre forslag til servering. Det som ligg ved maten, følgjer ikkje med.

Anne Underberg i kvitt forkle og skaut står smilande ved skiltet Parking for lefse lovers only på den raude veggen

Sjette generasjon på Underberg

Anne voks opp på garden Underberg på Gvarv, og er sjette generasjon som bur her. Klingen fekk ho lenge ikkje til, verken heime eller etter fleire kurs. Så fekk ho ei oppskrift av ei kvinne på jobben, som sa at den var «så god å kjevle». Det stemde.

Venninnene som fekk smake, sa at ho måtte byrje å selje. Ho hengde opp ein plakat på Gvarv, og eit par dagar etter ringde folk og ville bestille kling.

Les heile historia

Ei nysteikt potetlefse på takka ved vindauget i bakstehuset

Kom innom bakstehuset

Vi bakar og sel i bakstehuset på garden. Det var sommarhus ein gong. No er det isolert, så vi bakar her heile året.

Måndag til fredag
09.00–15.30
Laurdag
Etter avtale
Søndag
Stengt

Hallenvegen 72, 3810 Gvarv

Bakstehuset er det raude huset med gul dør. Finn du ingen der, ta kontakt i det brune huset.

Vegen hit i kartBestilling og butikkar